Her tek vi det med ro og kosar oss :)
God påske!
Endeleg fekk vi vår og eg fekk igang symaskina igjen :) Denne gangen vart det fargerike vimplar til trehytta vår. Eller vår, det er vel borna som regjerer der oppe, medan vi nyt livet nedføre.:)
![]()
![]()
![]()
![]()
![]()
Herleg var det iallefall med fint ver og mat i det fri!!
Eg må vel inrømme at det ikkje vart så veldig mykje mat i det fri.. Nordavinden jaga oss inn att tilslutt og maten måtte i ovnen istaden for på grillen..
Lag ei god veke!!
Her for litt sidan var eg så utruleg heldig at eg vann i give-awayen til Line Katrin Moe :) Premien var ein superfin kalender som Line Katrin har vore med på å lage. Ta deg ein tur innom bloggen hennar og sjå alle dei fine illustrasjonane hennar! Ho har også Epla-butikk som du finn her:)
Her er det ho sjølv skreiv om kalenderen ho var med på å lage:
“I haust var eg med i ein kalenderkonkurranse “Om eg turde ville eg…” arrangert av Baluba Illustrasjon. Gledelig blei mitt bidrag valt ut (personen som synger) saman med elleve andre heldige sjeler. Kalendaren har dermed 12 ulike bilete frå 12 ulike kreative sjeler.”
Her ser du nokre av dei flotte illustrasjonane som ventar meg gjennom året som kjem ♥ Gjett om eg var lykkeleg når eg stod med den fine kalenderen i hendene sist veke!!
Bileta har eg lånt frå Line Katrin sin blogg.
![]()



Tusen hjarteleg takk!!
No er det like før det brakar laust her.. ..då snakkar eg ikkje om juleafta, men sending av serien “Klart eg kan”. Vel den er vel eigentleg i gang allereide. I dag tidleg såg vi fyrste episode i Julemorgon på nrksuper!! Gjett om det var jubel i stova. Vi har vel nesten fått eit eigeforhold til serien:)
Vi har ei gut i hus som er veldig spent og stolt. Vi har fått snik-kika på serien, sidan vi fekk han i posten for litt sidan, og er veldig fornøgde!!
Søndag hadde vi visning av Per si episode på Hakallegarden. Det kom mykje folk og dei humra og kosa seg under visninga. Per serverte forfriskningar til alle som hadde teke turen og applausen stod i taket då filmen var slutt. Kjekt:)
Mandag var vi på sleppfest på Operahuset i Norfjoreid. Det var utruleg kjekt! Alle dei flotte borna som har vore med på serien var samla. Du ser heile gjengen her:) 
Her ser du nokre bilete frå innspelinga av Per si episode:
Per si episode skal visast 27. desember klokka 8.30. Vi gledar oss stort!!
God Jul ♥
I kveld skal eg vere med på julemarknad i Ørsta saman med ein gjeng andre flinke damer :) Det er den flotte dugnadsgjengen på Fru Svendsen som står bak :) Her er det som stod på sida deira om det som skal skje i kveld:
Onsdag 30 november er det kveldskafe' kl.19. Og denne onsdagen er det adventsstemning og førjulssalg av handtverk som er i fokus! Jostein Mo skal fortelle og vise oss julehefter frå gamle dagar. Marianne Vassli har gamle julekort å vise fram. Nils og Knut Ose skal gi oss den musikalske julestemninga,og vi skal synge ein gamal julesong eller to...Nytt av året er at vi åpnar opp sidefløya til Svendsengarden. Der har vi invitert mange lokale kunst og handtverkarar som vil selge sine produkt,denne onsdagen,og kvar laurdag fram til jul! Kafeen er julepynta,og vi vil gi dåkke ein smak av julebaksten! Velkomen!
Eg skal berre vere med denne eine kvelden, men resten av damene skal vere der laurdagane fram mot jul.
Så dei som lurer på kva som har hendt med Epla-butikken min, den vert snart fylt opp att!
Håper mange tek turen i kveld :)
I morgon tek eg turen til Ålesund og skal vere med på Julegata i Molovegen. Eg var der i fjor også, og det var ein utruleg fin opplevelse! God stemning og mykje folk :)
Håper veret ikkje gjer at folk held seg heime.. I fjor var det –10 og nydeleg vinterver, det står berre igjen å sjå kva side veret viser seg frå i morgon.. Uansett vil det bli god stemning inne på fiskerimuseet, det kjenner eg meg trygg på!
Her er litt av det eg kjem til å ta med meg:


God helg alle saman ♥
Sist veke fekk eg ei hyggeleg overrasking i posten:) Eg hadde vunne denne fine skrivebordsordnaren i ein give away på bloggen Life at Lammers vei. Tusen tusen takk!![]()
Eg har også sydd litt i det siste. Blant anna nokre slike englar.
Ha ei god veke!
Eg vert veldig inspirert av å sjå kva andre lagar. Det kan vere fargekombinasjonar, eller andre samansetningar som eg berre fell for.. Av og til klarer eg ikkje berre å la det bli med å sanke inspirasjon, av og til må eg berre ha det eg ser.
I løpet av dei siste månadane har eg fått pakkepost frå fjern og nær. Kanskje litt for å trøyste meg sjølv, sidan eg ikkje har følt meg så kreativ i det siste… ![]()
Dette vakre smykket kjøpte eg på Epla i butikken Monsterblomster.
…fekk eg dette herlege smykket frå Etsy butikken ManoCelebrates. Eg er så fornøgd at eg nettopp har bestilt eit smykke til der…
Dette fine sjalet har eg og kjøpt på Etsy i butikken topherco. Det har eg brukt mykje siste vekene og er superfornøgd!
Denne søte boksa til synåler har eg og kjøpt på Etsy, i butikken thesmallobject.
Siste kjøpet mitt, som enno ikkje er kome i hus, er denne artige epleklokka som eg kjøpte i Eplabutikken guro.
Det kan no sjå ut som eg ikkje gjer anna enn handlar på nett… Eg må opplyse om at dette har skjedd over eit lengre tidsrom!! ;)
Men eg trur kanskje det har vore ein viss terapi i dette her, for siste vekene har symaskina kome fram att og det har vorte laga både eine og hit… Veldig kjekt og godt langt inni sjela!
Ønsker alle ei finfin veke :)
I sommar vart eg den heldige eigar av dette maleriet :) Det er mala av Line Katrin Moe, ei fantastisk kjekke og dyktige taus eg er så heldig å ha vorte kjende med. Du finn bloggen hennar her og Epla-butikken hennar her. Eg veit ikkje heilt om eg heller ville hatt ein fugl i handa, synest eigentleg det er greit dei held seg på taket… og denne eine spesielt ;)
No heng maleriet og prydar veggen vår saman med eit maleri av Ingjerd Havåg. Vakkert! Og enda vakrare i verklegheita sjølvsagt!![]()
Det er godt å vere litt i gong igjen her på bloggen. Det har stått relativt stille ei stund..
Eg har eit lite syprosjekt også.. Her er eit lite glimt.![]()
Håper alle som er innom får ei strålandes veke :)
Vi har fått ei stjerne i familia, ei Nrk Superstjerne:) Ei relativt jordnær ei vel å merke..
Storeguten vår Per er så heldig at han har ei fantastisk tante på Hakallestranda. Då ho vart kontakta av Eva Westvik om innspeling av barne-tv på Hakallegarden, tenkte ho at Per ville passe bra i hovudrolla. Det trur eg ho har rett i :) Han skal vere med i ei av episodene i serien “Klart eg kan”.
Per har stått på og her ser du litt av resultatet. Han har måla fleire måleri og laga kunstutstilling slik at han kunne tene pengar og kjøpe ny sele til Bukke-Lars.
Mange kom og alle måleria vart selde. Det fargerike måleriet med hjarter på vart til og med selt to gongar!
Kanapèar og forfriskningar må ein sjølvsagt ha på ei debututstilling!
Her ser du ei anna stjerne. Bukke-Lars er lukkeleg uvitande om kva som er i vente :)
Per klarer det meste og dette var jammen ikkje lett!
Sjølv om det var filming på gong tok guten seg tid til å plukke ein blomst til mamma.. Denne åt bukken opp litt seinare, men det hadde den jammen fortent ;) Onkel Olav spring framføre med lokkemat.
Reid på hest gjorde han også. Her har han teikna ei rask skisse frå då Veina bestemte seg for å ri rett ut i sjøen… Du ser kanskje kva anna ho gjorde der også…
Etter 9 timar med filming er både Eva og Per fornøgde! Per gjorde ein fantastisk innsats, ikkje ei sur mine heile dagen! Han har vore med på eit lite eventyr, som han aldri kjem til å gløyme!
Per kjem nok til å sakne Eva, det er iallefall heilt sikkert ♥
Eg vart for ei stund tilbake spurt om eg ville lage
nåler til Bakketunet på Bjørke. Det var kunstnar, eldskjel og
drivar av tunet Marita Bett Jensen som gav meg
utfordringa. Takk og lov!! Endeleg er eg og symaskina
i gang igjen :) Nålene er ferdige og klare til levering,
og i tillegg har nye englar sett dagens lys.
Neste helg vert eg å finne på Sæbø der eg skal
vere med på marknad under Hjørungfjorddagane.
Gleder meg stort!
Håper de alle får ei fin fin veke!
Litt av det eg har styrt med i det siste… Ikkje ferdig, men på god veg :)
I går og i dag har favorittane mine vore på framsida av Epla. Stas!!
God helg alle saman ♥
Det går lenge mellom kvart blogginnlegg for tida,
men eg har ikkje lagt inn årene enda. Eg har vurdert
mykje for og imot, men har vel bestemt meg for å halde
koken ei stund til.
Det beste med boggen er alle dei kjekke folka ein kjem
i kontakt med! Forrige veke fekk eg denne fine nøkkelringen
i posten av Marian frå Rosendal :) Gjett om eg vart glad!
Du finn ho her med bloggen Marihøno
Sjølv om det har vore labert med kreative sysslar her i
garden i det siste, so har det ikkje vore heilt fritt.. Eg
er så heldig a vere Krukkedame! Det er ein gjeng med
damer som held kafeen på Krukkehuset i gang. Sist vi
var samla gjekk turen til Hakallegarden. Då laga
vi fine ting av hesjastreng og perler. Eg laga mellom anna
denne fine blomsterpinnen.
Ellers har eg litt spennande prosjekt på gong…
men eg må ta det litt etter litt.
Ha ei god veke og ein strålandes 17-mai!
Hipp Hipp Hurra!
Velkomen hit til meg! Eg er 36 år gamal og mor til 4 nydelege born; Maria, Per, Knut og Alma. Eg er veldig glad i å lage ting , og gjer det so ofte eg kan.
Ynskjer at døgnet hadde fleire timar....
Takk for at du kikar innom!
Eg vert veldig glad om du legg att eit lite livsteikn ♥